Händel, kunstdetektiver og et virrvarr av neontetra.

Bjørn SortlandBjørn Sortland ble født i Bergen i 1968, og oppvokst på Sortland på Bømlo i Hordaland. Han har gitt ut en stor mengde bøker, og er kjent blant annet for spenningsbøkene om Kunstdetektivene, som er populære blant mange unge lesere. Han har ingen hund, men han har derimot et akvarium.

Hva slags type fisk har du i akvariumet ditt?

To små scalare og ein liten stim med neontetra, dei virrar berre rundt som ein barnehage, så eg bør få tak i ein kardinaltetra, då pleier dei å samla seg litt meir og opptre meir stim-aktig.

Du sier at favorittmåltidet ditt er fersk torsk med mandelpotetpuré. Kan du lage mandelpotetpuré selv?

Ja. Med smør, kvitløk og fløyte. Det er enkel gourmet i kvardagen.

Jeg regner med at du som forfatter er glad i å lese. Er det noen bøker du liker spesielt godt (bortsett fra Bibelen)?

Mange. Av dei eg kjem på akkurat no av nyare ting eg har lest: The Road av Cormac McCarthy, On Chesil Beach av Ian McEwan. Doktor Romand av Emmanuel Carrère. Og no les eg den siste romanen av Amos Oz, hugsar ikkje tittelen. Elles les eg Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon til ein unge, ei strålande høgtlesingsbok.

Du har gitt ut en mengde bøker. Kan du huske opplevelsen av å få anntatt din første bok? Hadde du forsøkt å få utgitt bok lenge, eller fikk du full pott på første forsøk?

Det var vel eigentleg full pott på første forsøk. Men eg vart ikkje så happy som eg hadde trudd, kjente ei slags uro, ein grueverk blanda saman med stoltheit og anger. Eg orka ikkje å opna boka før etter ei veke, sjølv om det var ein slags draum som hadde gått i oppfylling. Men det var ikkje slik eg trudde det ville bli. Eg tenkte at det å debutera eigentleg berre var ein liten begynnelse.

Dine bøker om Kunstdetektivene er kjempepopulære blant barn og unge, også de som kanskje ikke leser ellers. Hva er det du gjør som klarer dette som så mange andre forfattere ikke klarer?

Eg veit ikkje, eg bruker mykje tid og energi på å skriva eit enkelt og ryddig språk i desse bøkene – økonomisk, men likevel ikkje gjerrig. Når ein skriv reine sjangerbøker må ein tru på dramaturgi-handverket, lika sjangerkonvensjonane, og satsa på at lesaren er smart nok til at han ikkje berre vil ha klisjear som ikkje er tatt stilling til.

Du skriver stort sett på nynorsk, men Kunstdetektivene har du skrevet på bokmål. Hvorfor det?

Fordi eg av ein eller annan grunn kom i kunstdetektiv-sjanger-modus når eg skifta språk.

Hvordan var det å skrive om Sidney uten å selv ha vært der?

Eg omplasserte heile handlinga til eit stort, lukka rom, universet i boka vart eit slags reality-show. Eg trur ikkje boka tapte på det denne gongen, sjølv om eg alltid vil reisa dit eg skriv frå, mange av ideane får eg når eg reiser. Reising gir meg skrivelyst.

Neste Kunstdetektiv-bok blir Bergen-mysteriet. Har du planer om flere etter denne, eller synes du 10 er nok?

10 er nok til at eg tar ein pause, i alle fall.

Du har ganske nylig kommet med ny bok, Halleluja. Her har vi klassisk musikk, London og 1700-tall… Hva fikk deg på idéen til denne?

Det er eit oppdrag frå IKO-forlaget, fordi det er 250-års jubileum for Händel no i 2009. Eg stod likevel heilt fritt til å skriva kva eg ville, og er blitt ganske happy med forteljinga. I tillegg fekk eg Marvin Halleraker med til å illustrera teksten, det blei veldig bra, rett og slett pølsa over rosina midt i prikken!

Noe annet du har lyst til å si til leserene av Av en annen verden?

Ikkje gløym å klappe katten.

Tusen takk for intervjuet!

Foto: Janne Solgaard

2 kommentarer til «Händel, kunstdetektiver og et virrvarr av neontetra.»

Legg igjen en kommentar til Lille søster Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.