Dikt på en fredag.

Høghus

Langt der nede
skiftar året av og til kulissar.
Våren møter vi i mørke briller.
Hausten ritar meiningslause teikn
fjernt bak veggene av glas.
Oppgangene med like namneplater
kan minne deg om vertikale kyrkjegardar.
Men på taket spriker stålantenner
som vinkelrette felles følehorn.
Røynda kjem til oss i fjernsyn
utan sveitte, blod og tårer,
kjem i svart og kvitt
lik skuggar frå eit jordliv.
Det er som reisa mot ei fjern og framand stjerne
alt har teki til.

Fra Eit hovud i havet av Arnljot Eggen.

Én kommentar til “Dikt på en fredag.”

Legg igjen en kommentar til Marielle / ElfHybrid Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *