Lysguten trippa litt nærmare:
– Stjernekikkaren hadde fått ein haug leirtavler i presang frå den kloke bestefaren sin. Alle var kloke i den slekta, både gamle og unge. På leirtavlene hadde bestefaren teikna stjerner, alle stjernene bestefaren kunne få auge på. «Sjå no om du ser noko merkelig som eg aldri har sett», sa bestefaren. «Ser du noko slikt, må du straks teikna det opp på ei leirtavle!»
– fra Gubben som ville fanga jula i ein håv av Sylvelin Vatle, illustrert av Ellen Sjøwall.