Utdrag fra boka Inn i elden av Aina Basso:
Ho ventar til julenatta bråfell og stova stilnar til sløve brennevinssukk og tung svevn gjennom tronge naseborer. Ho skaper seg om utanfor, vel den vande hamen, den svarte fjørdrakta og det skarpe nebbet. Ho opnar gapet og støyter ut eit raspande ramneskrik. Så lettar ho og flyg over berget og vidda, over sjøen med månelyset som ei skjelvande spegling i den blådjupe flata. Ho tek ein sveip over den kvitkledde Domen, før ho flaksar over sundet til Ballvollen, der festen skal haldast.
Har også lest den. Likte den veldig godt. Ha en fin kveld!