Blixprisen 2008

Nylig ble årets Blixpris delt ut. I år gikk prisen til debutforfatter Tarald Stein for hans diktsamling Framandkar. (Jeg har tidligere blogget en omtale om diktsamlinga). Juryen sier blant annet følgende i sin begrunnelse for prisen:

«Med debutsamlinga Framandkar gjer Tarald Stein tematisk nybrottsarbeid i norsk lyrikk; for første gong blir erfaringa transkjønnaheit tematisert i lyrikken. Dei sentrale motiva i samlinga er kjønn og identitet, og Tarald Stein skildrar det å stå mellom kjønnskategoriane, mellom mann og kvinne. Desse dikta er nærgåande og lågmælte skildringar av kropp, identitet og identitetsendring.

På ein framifrå måte klarer Stein å skape, å finne eit språk som ikkje finst, nemleg språket for alle variasjonane mellom kjønnsmotpolane mann og kvinne.

(…)

Skildringa av å vere annleis peikar utover kjønnstematikken, og blir ei språkleggjering av annleisheit i det store og heile. Det går ei fin linje frå desse tekstane til andre forfattarar som i stramt format tar for seg store kjensler, til dømes diktaren Sapfo. Dette gjer Tarald Stein til ein verdig vinnar av Blix-prisen 2008.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *