Elins julekalender: Luke 21.

Julenissen fans kanskje ikkje?
Kanskje var nissen berre utkledde fedrar og bestemødrer, som dreiv og baska med sekkar og julegåver?
Stinus gjekk bort til vindauget og kika ut, men såg berre gammal snø, ingen lette julekveldsfjon som dala ned mellom englar og stallen i Betlehem. For Jesus var ute der ein stad mellom nissane, han òg, både han og Maria og josef. I kveld rei Maria og Jesusbarnet på eit esel, det visste han, for det gjorde dei kvar julaftan. Det var like sikkert som at han måtte gå her og vente, mens mamma og pappa dreiv og rydda av middagsbordet med potetar, surkål og ribbe, som pappa likte best. Ribbesvoren knaste som steinar inni munnen hans, mellom kvar gong han drakk akkevitt frå ei fin flaske med ei vakker segelskute utanpå.
– Er de ikkje ferdige, så vi kan sette oss og vente på nissen?
– Snart kjem vi, Stinus, sa mamma, der ho stod smilande framfor han men kjøkkenforkleet på seg.

Fra Da nissen kyssa mamma av Torvald Sund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *