Dikt på en fredag.

DU SKAL IKKJE TRU

Du skal ikkje tru det skrivne
og ikkje alt som er sagt.
Dåren har ofte tala,
og mang ein vismann tagt.

Ingen ting skal godtaka
utan rimelig grunn,
for ovtrui veks å nyo
av sin rothogde runn.

Verdi er myrk, og livet
er fullt av lygn og rot.
Tanken er blakrande ljoset
for vår snåvande fot.

Fra Dikt i samling av Olav H. Hauge.

3 kommentarer til «Dikt på en fredag.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *