Dikt på en fredag.

TUSSELADDEN HOTTENTOTT

Tusseladden Hottentott
budde i ein tommeltott
i ein gammal låvevott.

Låven stod på Holmengrå.
Votten låg i støv og strå.
Tussen ville flytte frå.

Slengde i eit hoppetau
borti ulla på ein sau.
Siglde på eit baketrau.

Reiste fluksens i ein floss
på ein kar som var frå Voss
og kom heilt til Hønefoss

utan pengar og billett.
Hoppa på ein hakkespett.
Flaug til frøken Tusseflett.

Slo seg ned i Oppigar’n
i eit nybøtt fiskegarn
og fekk mange tussebarn.

Fra Tusseladden Hottentott : og andre rim av Jørgen Stang.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *