Dikt på en fredag.

HAUST

Med sus i skymingsmyrke graner
sig natta inn frå audna send,
og svingar sine svarte faner
i Myrkilvala stille grend.
Mot sør, mot sør dreg ville svaner,
der sev ved solblå sjoar stend.
Med tunge vengjeslag mot sky,
dei ror seg fram til dag på ny

Og minne vaknar etter minne
om tunge sår og tapte slag.
Var det min lodd: å aldri vinne,
og er eg fødd til nederlag?
Skal aldri ankargrunn eg finne,
men drive til min siste dag?
Om draumen, draumen min om eg,
er den det svanepar som dreg?

Å, du som i mitt fangtak kvilde
so mang ei varm og vårtung natt,
som gret når du og eg var skilde,
og lo kvar gong du fann meg att,
som aldri, aldri frå meg vilde,
og det med dyre eidar batt,
å, var det alt ein brosten draum
i livsens jøkulkalde straum?

Lat hausten mot mi panne strøyme,
med vemodstonen, myrk og sår,
eg skal deg aldri, aldri gløyme,
der bøygd mot undergang eg går,
og einsam, einsam skal eg drøyme
den drøymen som ein gong var vår,
til natta vaknar uti hav,
og stiller all mi lengting av.


– Fra Å eingong å vakne- : dikt i utval av Jakob Sande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *