Elins julekalender 2010: Luke 23

Det var kvelden før jul, og så stilt i vårt hus
at ingen ting høyrdest, nei ikkje ei mus.
Ved peisen var strømpene hengt opp på plass,
for no skulle snart Sankte Klaus med sitt lass
sjå innom til borna, som sov i si krå
i draum om alt godt som dei snart skulle få.

Og mamma og eg, vi var nett gått til ro
– vi låg under dynene alt båe to –
da brått uti tunet det vart slikt eit bråk
og trakking og skrammel og ståk,
at eg spratt utor senga og fór som eit lyn
til glaset og såg ut. Å du for eit syn!

Der ute låg nysnø, og månen skein klar
– eg såg alt som fanst der, så lyst som det var.
Kva såg eg? Ein slede, ein liten og nett,
med åtte små reinsdyr som drog han så lett,
og høgt oppå sleden ein blid gammal mann.
Det var Sankte Klaus! Ja, så menn var det han!

Fra diktet «Da Sankte Klaus var her» skrevet av Clement Moore, oversatt av Halldis Moren Vesaas. Funnet i boka Julenissen og andre nisser av Velle Espeland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *