I anledning dagen: Jærens poesi

FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) har valgt 21. mars til å være Verdens poesidag. I år har jeg vært så heldig at jeg har fått med meg lyriker Helge Torvund til å markere Verdens poesidag på bloggen. Torvund er i disse dager aktuell med diktsamlingen Skal me leggja ein vedstabel saman?, men har tidligere gitt ut en rekke diktsamlinger, samt at han er kjent fra Diktkammeret hos Dagbladet.

Du debuterte i 1977 med diktsamlingen Hendene i byen. Det ble sagt om denne at du var påvirket av latinamerikansk mellomkrigslyrikk. Kan du fortelle litt om dette?

Eg var svært oppteken av latinamerikansk litteratur på den tida. Det med «mellomkrigs» var mindre viktig, men den delen av lyrikken som Robert Bly faktisk oppdaga på Nasjonalbiblioteket i Oslo (!) var svært viktig for meg. Her hadde ein skapt ein syntese av surrealisme og den folkelege forteljartradisjonen og trua på magi. Samstundes som litteraturen oppretta ein klar sanseleg kontakt med omverda. Dette resulterte i prosaen i det ein kalla magisk realisme, eit paradoks som ein ikkje kunne uttale, som det ikkje gjekk an å seie. Eg hugsar at eg kalla meg «ekstatisk materialist» på den tida, og at ein filosofistudent sa: Det er umogeleg.

Robert Bly oppdaga denne poesien i Noreg fordi den ikkje hadde fått noko merksemd i USA. Den vart sannsynlegvis noko undertrykt og fortrengt, då ein kanskje kunne ana eit revolusjonært sprengstoff i tilnærminga. Mange av dei latinamerikanske forfattarene var jo òg revolusjonære, radikale. Det høvde godt med mitt syn på den tida, i og med at eg var anarkist, og var med i ei gruppe anarkistar på Blindern. I dag kan eg framleis kalla meg ekstatisk, men nå er eg meir oppteken av materialitet, at verda skal skildrast konkret i diktinga, og skeptisk til den reine materialisme. Framleis er dei elementære odane til Pablo Neruda noko av det beste eg veit om av dikt.

Hvordan vil du si at det jærske påvirket diktningen din disse årene, da du bodde i Oslo?

Ser ein på dikta mine frå den tida, handlar dei mykje om byen. Hendene i byen, og Taxameter og utepils. Men alt det usagte vert sagt på klingande jærsk. Det ligg der i bakgrunnen og fargar sjølvsagt min måte å oppleva på, min måte å sjå på og min måte å bruka språket på.

Foto: Elin Bekkebråten Sjølie © 2013

Helge Torvund leser om vinden på Varhaug.
Foto: Elin Bekkebråten Sjølie © 2013

Hvordan har det å flytte tilbake til Jæren påvirket diktningen din?

I og med at kvardagen eg har rundt meg, landskapet, arkitekturen, vegane og vindaugo alltid har påverka heilt direkte det eg skriv, er påverknaden iaugefallande. I dikt etter dikt skildrar eg lyset og jærlandskapet. Ja, det vil seie; i følgje dei nye severdigheits-skilta på Eige, så er ikkje Ogna ein del av Jæren, så nå veit eg verken ut eller inn.

Hva er dine store inspirasjonskilder i dag?

Først og fremst er det den opplevde, sansa kvardagen rundt meg. Og med sansa meiner eg då alle sansar som ein måtte ha, og så lar eg desse jamma med fantasiens orkester på kunsthistoriens podie. Zenbuddhistisk kunst og litteratur, Neruda. Musikk! Keith Jarrett. Zenbuddhistisk bambusfløyte. Verdslyrikken. Det er lett å bli inspirert av ting når ein er vaken og merksam og full av skapande energi.

Det har den siste tiden vært mye debatt rundt Kulturrådets innkjøpsordning. Tror du innkjøpsordningen har hatt noe å si for norsk
lyrikk?

Ja, utan tvil. Enkelt sagt, så har det vore vilje her i landet til å seie: OK, me er eit lite språksamfunn, men det har vist seg ved fleire høve oppover i soga vår, at poetane har vore viktige når det røynde på. Vil me ha poetar, må me altså leggja til rette for det med innkjøp og stipend. Sjølv har eg hatt anna og krevjande arbeid ved sida av i over tjue år. Men innkjøpsordninga har, trass i at den som alt anna har meir enn ei side, vore viktig for å utvikla vekstvilkår for ein eigen norsk litteratur. Me skal hugse på at mange av våre store prosaforfattarar òg debuterte med diktsamlingar, og såleis fekk ei viss kjensle av å verta verdsett og teken vare på. Eg tru det er ei ordning som har vore mykje, mykje viktigare enn det dei som vil tulke med ho har innsett.

Er det noen norske lyrikere du mener bør få langt større oppmerksomhet?

Her har eg lyst å vri litt på spørsmålet og gjera det mindre individfoksuert: Korleis kan poesien få større merksemd? Det er lett å sjå korleis mange ting er avhengige av eldsjelar. Eg var hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet i sju år, og då fekk lyrikken større plass der. Eg skreiv mange meldingar og skreiv òg meir generelle artiklar om poesi, songlyrikk, utanlandske poetar. Slikt er krevjande, men det går når ein brenn for det.

Spørsmålet er; kva kan ein gjera for å leggja rammene og vilkåra til rette for at poesien får merksemd meir uavhengig av eldsjelene? I eit slikt perspektiv er innkjøpsordninga, stipend og prisar viktige. men på den andre sida; poesi er eld, og vil alltid brenna klårast gjennom eldsjelene. Alt det desse gjer, på biblioteka, på bloggane, i avisene og på sosiale media vil vera av betydning. Poesien lever. Og poesien lever eit vilt liv som ikkje kan setjast på regel og formel og lov.

Tusen takk for at du vil markere Verdens poesidag med bloggen!

Du skal ha takk for at du ville markere Verdens poesidag på bloggen din.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *